Kurs i å flette korg av furuspon

Søndag 24. november klokken 10:00 - 16:00

Kruttverket • Arnljot Gellines vei 41 B, 0657 Oslo, Oslo, Norge

Fletting av tradisjonelle korger av høvla furuspon.

Fururspon har tradisjonelt vore mykje brukt til korger, og spon har vore delt for hand og høvla med høvel. Sponkorger krever tettvokst og rettvokst furumaterial.

Deltakarane får lage to sponkorger, ei skråfletta og ei paralellfletta. Samt at ein får prøve å høvle spon.

Material inkludert.

Om kursholder Hege Iren Aasdal:
Eg har sveinebrev som korgmakar og har i 2020-2023 hatt eit stipendiat for Norsk Håndverksinstitutt. Eg brenn for å produsere korger direkte frå naturen rundt meg, og å vidareføre tradisjonar og kunnskap både om bearbeiding av dei, og om fletteteknikkar.

Eg hauster materiala til korgene min lokalt og bearbeider dei til jamne, mjuke og føyelege band som eg fletter korgene av. Dette er ein tidkrevande prosess som krev materialkunnskap, og erfaring, noko som gjer produkta heilt unike.

Med dette som grunnlag fletter eg haldbare, praktiske og vakre korger basert på og inspirert av våre rike korgtradisjonar.

Kruttverket • Arnljot Gellines vei 41 B, 0657 Oslo, Oslo, Norge

Google Map of Arnljot Gellines vei 41 B, 0657 Oslo, Oslo, Norge

Foreningen Kroloftet

post@kroloftet.no